torsdag 20. mai 2010

Tredje samling

OBS: Dette kan du også gjere om du får tid på slutten av andre samling. Svara på dei ti første spørsmåla er å finne i kapitlet "Bruke informasjon".

Først nokre faktaspørsmål du skal svare på i bloggen din:
1. Kva kan ein justere i dialogboksen Utskriftsformat?
2. Kva gjer du om du vil skrive ut eit avsnitt frå ei nettside?
3. Kva gjer du om du vil kopiere tekst frå ei nettside og inn i eit Word-dokument?
4. Kva gjer du om du vil kopiere eit bilete?
5. Kva gjer du om du vil kopiere ei nett-adresse?
6. Korleis lastar du ned ei fil?
7. Kva er autofullfør?
8. Kva er det lurt å sjekke før du brukar tekst og bilete du finn på nettet?
9. Kva tyder det at eit filnamn sluttar på .zip?
10. Korleis lagrar du ei nettside?

Så skal du få teste dette ut i praksis:
11. Skriv ut desse oppgåvene i eitt eksemplar.
12. Lag eit nytt Word-dokument. Finn eit bilete av Trondheim på internett, og lim det inn i dokumentet.
13. Kopier adressa du fann biletet på, og lim den inn i dokumentet.
14. Kva er dette biletet lovleg å bruke til?
15. Gå inn på www.eduke.no – under ”forfatterens hjørne” og ”nybegynnere” finn du noko som heiter ”illustrasjoner til utskrift”. Last ned denne fila og legg den på skrivebordet.
16. Kva for slags program kan opne dette dokumentet?
17. Lagre nettsida du fann denne fila på – den kan du også lagre på skrivebordet, og slette igjen når lærar har sett den.

Til slutt nokre spørsmål de skal finne svar på på nettet, kopiere svaret og lime det inn i Word-dokumentet der du sette inn biletet av Trondheim. Svar finn du på wikipedia.no.
18. Kva kommuner grensar Trondheim kommune til?
19. Kva er São José do Goiabal?
20. Kva er Gautrain? Sett også inn eit bilete.
21. Kva kjem stadnamnet Algarheim av?
22. Kva er MF Raunefjord?
23. Kva er sjøbuer brukt til å oppbevare?
24. Kva er Taunus?
25. Kva er Rhodium? Set også inn eit passande bilete.
26. Kva er historia til Gloucester bispedømme?
27. Kvar er kontoret til Jussformidlingen, og kvar kjem klientane frå?
28. Kva er Dokkfløyvatnet?
29. Kva er eit oksid?
30. Kva har Federico Mena Quintero studert?
31. Sett inn eit bilete av rådhuset i Ahlen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar