mandag 31. mai 2010

Fjerde samling

På fjerde samling jobbar vi med kapittel 42-44, og vi skal sjå på Outlook og arbeide med oppgåvene under. Om nokon ikkje kan komme, kan de gjerne prøve dykk på desse oppgåvene. Anbefalar då å lese gjennom kapitla først, og prøve på oppgåvene utan bok etterpå.

Oppgåver til kapittel 42:
1. Kva er ein digital signatur?
2. Kva er spam?
3. Korleis viser ein leseruta?
4. Korleis viser ein navigasjonsruta?
5. Korleis kan ein vise feltet "Oppfølgingsflagg"?
6. Korleis kan ein leggje til ein ny konto?

Oppgåver til kapittel 43:
7. Viss eg av ein eller annan merkeleg grunn ynskjer å svare på ein e-post, men ikkje ynskjer å ta med den opprinnelege meldinga, kva gjer eg då?
8. Kva er skilnaden på ein kopi og ein blindkopi?
9. Korleis set du inn ein fast signatur?
10. Kva er poenget med å bruke ein kladd?
11. Kva kan det oppfattast som om du skriv meldingar med STORE BOKSTAVAR?
12. Kva er landkodane til Sverige, Danmark og Finland?

torsdag 20. mai 2010

Tredje samling

OBS: Dette kan du også gjere om du får tid på slutten av andre samling. Svara på dei ti første spørsmåla er å finne i kapitlet "Bruke informasjon".

Først nokre faktaspørsmål du skal svare på i bloggen din:
1. Kva kan ein justere i dialogboksen Utskriftsformat?
2. Kva gjer du om du vil skrive ut eit avsnitt frå ei nettside?
3. Kva gjer du om du vil kopiere tekst frå ei nettside og inn i eit Word-dokument?
4. Kva gjer du om du vil kopiere eit bilete?
5. Kva gjer du om du vil kopiere ei nett-adresse?
6. Korleis lastar du ned ei fil?
7. Kva er autofullfør?
8. Kva er det lurt å sjekke før du brukar tekst og bilete du finn på nettet?
9. Kva tyder det at eit filnamn sluttar på .zip?
10. Korleis lagrar du ei nettside?

Så skal du få teste dette ut i praksis:
11. Skriv ut desse oppgåvene i eitt eksemplar.
12. Lag eit nytt Word-dokument. Finn eit bilete av Trondheim på internett, og lim det inn i dokumentet.
13. Kopier adressa du fann biletet på, og lim den inn i dokumentet.
14. Kva er dette biletet lovleg å bruke til?
15. Gå inn på www.eduke.no – under ”forfatterens hjørne” og ”nybegynnere” finn du noko som heiter ”illustrasjoner til utskrift”. Last ned denne fila og legg den på skrivebordet.
16. Kva for slags program kan opne dette dokumentet?
17. Lagre nettsida du fann denne fila på – den kan du også lagre på skrivebordet, og slette igjen når lærar har sett den.

Til slutt nokre spørsmål de skal finne svar på på nettet, kopiere svaret og lime det inn i Word-dokumentet der du sette inn biletet av Trondheim. Svar finn du på wikipedia.no.
18. Kva kommuner grensar Trondheim kommune til?
19. Kva er São José do Goiabal?
20. Kva er Gautrain? Sett også inn eit bilete.
21. Kva kjem stadnamnet Algarheim av?
22. Kva er MF Raunefjord?
23. Kva er sjøbuer brukt til å oppbevare?
24. Kva er Taunus?
25. Kva er Rhodium? Set også inn eit passande bilete.
26. Kva er historia til Gloucester bispedømme?
27. Kvar er kontoret til Jussformidlingen, og kvar kjem klientane frå?
28. Kva er Dokkfløyvatnet?
29. Kva er eit oksid?
30. Kva har Federico Mena Quintero studert?
31. Sett inn eit bilete av rådhuset i Ahlen.

torsdag 6. mai 2010

Andre samling

Sidan de ikkje gjorde leksene dykkar, får de gjere dette på andre samling:

Forklar begrepa:
1. Startside
2. Hyperkobling
3. URL
4. Favoritter
5. Logg
6. Søkeverkty
7. Fane
8. Webfeeder
9. Autofullfør
10. Protokoll
11. Podcasting

12. Korleis kan ein finne igjen sider ein nyleg har besøkt?
13. Korleis kan ein organisere favorittar?
14. Kan du gje oss nokre søkjetips?
15. Korleis slettar ein loggen?

Første samling

Lag ein blogg på www.blogger.com (du kan sjølvsagt få hjelp til dette), og svar på følgjande spørsmål etter beste evne. Hugs at det du skriv kan lesast av heile verda, så det bør helst vere riktig... :-)

1. Kva er e-post?
2. Kva står www for?
3. Kva er chat?
4. Kva er ein blogg?
5. Kva står ftp for?
6. Kva kan ein gjere for å ha god sikkerheit på datamaskina?
7. Kva slags farleg programvare kan ein lett få på datamaskina når ein brukar internett?
8. Kva er ein brannmur?
9. Kva er poenget med kryptering?
10. Kva er eit digitalt webområdesertifikat?
11. Kva meinast med ”sikre websider”?
12. Kva bør ein tenkje over når ein handlar på nett (bortsett frå om ein har nok pengar og eigentleg har bruk for produktet)?
13. Kva er phishing, og korleis kan ein unngå dette?
14. Forklar forkortinga WAP.
15. Kva er eit popup-vindauge, korleis ser du at datamaskina har sperra dei, og korleis opnar du dei?
16. Kva slags småkaker er cookies, og korleis slettar ein dei?
17. Nemn nokre måtar å kommunisere med andre på via internett.
18. Kva er ei definisjonsfil?
19. Korleis kan du sjå at du er på eit sikkert webområde?
20. Korleis slår ein av og på phishing-filteret?