torsdag 6. mai 2010

Første samling

Lag ein blogg på www.blogger.com (du kan sjølvsagt få hjelp til dette), og svar på følgjande spørsmål etter beste evne. Hugs at det du skriv kan lesast av heile verda, så det bør helst vere riktig... :-)

1. Kva er e-post?
2. Kva står www for?
3. Kva er chat?
4. Kva er ein blogg?
5. Kva står ftp for?
6. Kva kan ein gjere for å ha god sikkerheit på datamaskina?
7. Kva slags farleg programvare kan ein lett få på datamaskina når ein brukar internett?
8. Kva er ein brannmur?
9. Kva er poenget med kryptering?
10. Kva er eit digitalt webområdesertifikat?
11. Kva meinast med ”sikre websider”?
12. Kva bør ein tenkje over når ein handlar på nett (bortsett frå om ein har nok pengar og eigentleg har bruk for produktet)?
13. Kva er phishing, og korleis kan ein unngå dette?
14. Forklar forkortinga WAP.
15. Kva er eit popup-vindauge, korleis ser du at datamaskina har sperra dei, og korleis opnar du dei?
16. Kva slags småkaker er cookies, og korleis slettar ein dei?
17. Nemn nokre måtar å kommunisere med andre på via internett.
18. Kva er ei definisjonsfil?
19. Korleis kan du sjå at du er på eit sikkert webområde?
20. Korleis slår ein av og på phishing-filteret?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar